Med Veidemann jaktreiser kan du jakte gemse i fleire svært gode revir på Balkan - både i Kroatia og Slovenia. Bestandane er stabile og bærekraftige, og på ein tilrettelagt tur med oss, kan du skyte gemse i ulike storleikar og antal.
Det er to typar gemse. Den alpske og den balkanske, den sistnemnte er litt større. I Slovenia jaktar vi i dei julianske alper i høgder frå 1200 opp til 2400 meter over havet. Ein jakttur er normalt på 3-5 jaktdagar. Du jaktar tideleg om morgon og ettermiddag. Resten av dagen går med til forflytting, avslapping i base camp – eller du kan delta saman med guiden din og spotte dyr.
Gemsejakt er 1:1-jakt, «spot and stalk», med ein profesjonell guide som kjenner området svært godt. Saman oppsøker de skrentar og bratte fjellsider, der gemse har sitt naturlege habitat.
Bruk av god kikkert og avstandsmålar er eit must under gemsejakt. Gemse ser og høyrer godt, noko som gjer jakta svært spennande – og utfordrande. For sterke trofé bør ein klatre opp i høgda på dei mest ugjestmilde områda i Alpane. Dette er ei krevjande jaktform, og som jeger må du både ha god kondisjon og godeskyteferdigheiter. Ein skyt ofte på hald mellom 150 og 250 meter, og i tillegg i bratt vinkel. Flattskytande kaliber er å føretrekke.
Saman med guiden din, overnattar du vanlegvis i hytter oppe i vakkert fjellandskap, med spektakulær utsikt. Anna innlosjering er også mogleg å organisere, alt etter jegerens eige ynskje. Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod eller eit skreddarsydd opplegg!