Å ein gong i livet å kunne jakte på fastlands-Europa sitt største rovdyr, er ein jegerdraum mange av oss deler. Men dei færraste tenkjer kanskje mot Balkan når ein slik draum skal realiserast.
Men nettopp Kroatia er blant dei få landa i Europa der brunbjørn-bestanden er sterk og stabil. Dette skuldast ein kombinasjon av god forvaltning og gode biotopar i fjellområde som framleis er nesten urørte av menneskeleg aktivitet. Med vår samarbeidspartner organiserer vi kvalitetsjakt på europeisk brunbjørn med 100 prosent suksessrate. Vi tilrår tidleg vinter og tidleg vår under fullmåne som gode periodar til jaktutøving.
På grunn av tilrettelegging og organisering av jakta, vil vi tilrå deg å innhente tilbod og eventuelt booke jakta eit år i førevegen. Vi organiserer jakta i revir med god kvalitet på trofé. Over 350cic. er ikkje uvanleg.
Bjørnejakta skjer helst under fullmåne, ved venting på åteplassar eller postering ved stiar og dyretråkk, frå komfortable og godt isolerte høgtårn. Bjørnane vandrar ofte innom desse plassane og besøker åter jamnleg. Med litt jaktlykke er fellinga sikra!
Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod.