Vojvodina - det gløymde jaktparadiset
Frå etterkrigstida og fram til konfliktane eskalerte på Balkan rundt 1990, var Vojvodina-regionen høgt skatta som ei av Jugoslavias ypperste jaktperler. Suksessformelen var samansett: Store bestandar av rådyr, sterke og stolte jakttradisjonar - og eit gjestfritt folk, viden kjende for ein fantastisk matkultur, lokka mange jegerar hit.
I dag har jegerar frå inn- og utland så smått byrja å gjenoppdage dette unike slette- og kulturlandskapet nordaust i Serbia. Men her er det framleis rikeleg med plass - og plass til deg også!
Med grense til Ungarn og Romania, ligg Vojvodina som ein del av den såkalla "gyldne trekant" når det gjeld høgkvalitets rådyrjakt. Her kan du jakte trofébukkar av ein kvalitet som du må til Sør-England for å finne maken til - og det til ein svært moderat pris, samanlikna med tilsvarande kvalitet i andre land.
Kombinasjonen av minimal industri, selektiv avskyting, gunstig klima, eit svært mineralrikt jordsmonn og stort sett gamaldagse måtar å drive jordbruk på, gir bukketrofé i verdsklasse. Og du kan jakte alle størrelsar av rådyrbukk.
Jakta på kapitale bukkar starter 15.april og varer til midten av mai - og deretter i brunstperioden frå slutten av juli til 10 august. Elles varer jakta fram til 30 september.
I løpet av alle desse periodane er det mogleg å nedlegge ditt livs trofé med litt jaktlykke og eit godt avtrekk. Området har ein svært rik rådyrbestand og vi kan garantere at du finn trofé i den klassen du har lyst å nedlegge.
Er du lysten på rådyrbukk i medaljeklasse, bør du gå for Vojvodina i Serbia og booke jakta di helst eit år i førevegen. Bli med Veidemanns på ei jakt du aldri vil gløyme - og i omgjevnader som også kjem til å sitje i minnet ditt for alltid.